Patrick

Den heilage Patrick har gjort namnet Patrick populært på Irland.
Byste til minne om den irske nasjonalisten Patrick Pearse, avretta som leiar av Påskeopprøret, med den gæliske forma av namnet hans, som han òg brukte, nedskriven under.

Patrick, Patrik og Patryk er mannsnamn med opphav i det romerske Patricius som betyr 'adeleg'. Dette ordet er igjen avleidd frå pater, 'far'.

Namnet har ei rekkje former, som baskisk Patirki, fransk Patrice, italiensk Patrizio, islandsk Patrekur og latvisk Patriks. Vanleg kortformer er Pat, Paddy og Patsy. Patrick og den kvinnelege utgåva av namnet, Patricia, har namnedag den 5. mars.

Namnet Patrick, dei gæliske formene Padraig/Padraic, og kortforma Paddy, er særleg knytt til Irland gjennom den irske nasjonalhelgenen, Saint Patrick. Helgenen kan òg ha hatt eit ukjend keltisk namn som likna på Patrick. Namnet er òg utbreidd i Frankrike, noko som kan ha samanheng med at mange irske katolikkar som blei forfølgde av den britiske styresmakta drog dit på 1700-talet.[1] Ein finn også namnet i andre område irar har flytta til, som USA, og noko mindre vanleg i resten av Europa.

  1. "Patrick" A Dictionary of First Names. Patrick Hanks, Kate Hardcastle, and Flavia Hodges. Oxford University Press, 2006. Oxford Reference Online. Oxford University Press. 5 March 2009

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne