Paul McCartney |
|
|
Fødd | 18. juni 1942 (82 år) Liverpool i England |
---|
Fødestad | Liverpool, Walton Hospital |
---|
Fødenamn | James Paul McCartney |
---|
Alias | Percy "Thrills" Thrillington, Paul Ramon, Apollo C. Vermouth |
---|
Opphav | Storbritannia |
---|
Aktiv | 1957 til i dag |
---|
Sjanger | Rock, poprock, psykedelisk rock, eksperimentell rock, rock and roll |
---|
Instrument | Bass, gitar, piano, keyboard, trommer, mandolin |
---|
Kjende instrument | Hofner 500/1 Rickenbacker 4001S Gibson Les Paul Epiphone Casino Fender Jazz Bass |
---|
Stemmetype | tenor |
---|
Tilknytte artistar | The Beatles, The Fireman, The Quarrymen, Wings |
---|
Plateselskap | Hear Music Apple Records Parlophone Records Capitol Records CBS Records EMI Music Group |
---|
Verka som | Låtskrivar, musikar, skodespelar |
---|
Mor | Mary McCartney |
---|
Far | Jim McCartney |
---|
Gift med | Linda McCartney, Heather Mills, Nancy Shevell |
---|
Born | Heather McCartney, Mary McCartney, Stella McCartney, James McCartney, Beatrice McCartney |
---|
Prisar | medlem av Den britiske imperieordenen, Grammy Lifetime Achievement Award, MusiCares Person of the Year, Grammy Award for Best Historical Album, Rock and Roll Hall of Fame, Oscar for beste originalmusikk, Genesis Award, Silver Clef Award, Kennedy Center Honors, Knight Bachelor, Polar Music Prize, Gershwin Prize, Wolf-prisen (kunst), storkors av Solordenen, medlem av American Academy of Arts and Sciences Fellow, Companion of Honour, Orden al Mérito Docente y Cultural Gabriela Mistral, offiser av Æreslegionen, honorary doctor of the Yale University, stjerne på Hollywood Walk of Fame, Solordenen, Den britiske imperieordenen, Order of the Companions of Honour, Premios Oye!, Grammy Award, Classic Brit Awards |
Sir James Paul McCartney (fødd 18. juni 1942 i Liverpool i England) er ein britisk bassist, låtskrivar, songar, gitarist og pianist. Han var medlem av The Beatles (1957–70) og Wings (1971–80), og har seinare hatt ein lang solokarriere.
McCartney starta som gitarist i The Quarrymen (som seinare endra namn til The Silver Beatles og The Beatles), men overtok som bassist da Stuart Sutcliffe slutta i bandet. I tillegg til å spele bass i The Beatles (og ved ulike høve òg gitar, piano, synthesiser og slagverk) stod McCartney saman med John Lennon for det meste av vokalinnslaga og låtskrivinga i gruppa.
Paul McCartney står oppført i Guinness rekordbok som den mest framgangsrike komponisten innanfor moderne populærmusikk. Slår ein saman arbeidet hans med og utanfor The Beatles har McCartney skrive over 50 hittar. Det er langt meir ein kva nokon annan komponist kan vise til.