Gregor den store | |||
![]() | |||
Fødd | ca. 540 Roma | ||
---|---|---|---|
Død | 12. mars 604 Roma | ||
Vald | 3. september 590 | ||
Innsett | 3. september 590 | ||
Festdag: | 3. september | ||
Føregangar: | Pelagius II | ||
Etterfylgjar: | Sabinian |
Gregor I den store (kring 540–12. mars 604) var pave frå 3. september 590 til han døydde i 604.[1] Han er òg kjend som Gregorius Dialogus ('dialogmakaren') i Den ortodokse kyrkja etter skriftene Dialogar, som han skreiv i form av ein samtale mellom to personar.[2] Han var den fyrste paven med klosterbakgrunn, og har status som kyrkjelærar innan Den katolske kyrkja. Saman med Leo I (og nokre gongar Nikolas I) er Gregor dei einaste pavane med tilnamnet «den store» (Magno, Magnus, il Grande). Han blei heilagkåra like etter at han døydde, og er vernehelgen for bergverk, murarar, knappestøyparar, lærde, lærarar, elevar, studentar, det kyrkjelege skuleverket, songarar og musikarar, kor- og koralsong, og dessutan mot gikt og pest.