Pavia | |||
by | |||
Gate i sentrum av Pavia
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Lombardia | ||
Provins | Pavia | ||
Areal | 63,24 km² | ||
Folketal | 70 636 (1. januar 2023) | ||
Postnummer | 27100 | ||
Retningsnummer | 0382 | ||
![]() Pavia 45°11′07″N 9°09′18″E / 45.185280555556°N 9.155°E | |||
Wikimedia Commons: Pavia |
Pavia (i antikken Ticinum) er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Pavia i regionen Lombardia og har om lag 70 000 innbyggjarar. Han ligg om lag 35 km sør for Milano ved elva Ticino like før ho munnar ut i Po.
Pavia ligg i ein frodig provins som er kjend for jordbruksprodukt som vin, ris, korn og mjølkeprodukt. Nokre industriar i forstadane uroar ikkje den fredlege atmosfæren som kjem av at byen si fortid er bevart.