Peace of Mind Singel av Boston frå albumet Boston | ||
B-side | ||
---|---|---|
Utgjeve | April 1977 | |
Innspelt | Oktober 1975 – april 1976 | |
Studio |
| |
Sjanger | Hardrock | |
Lengd | 5:02 (album) 3:38 (singel) 5:31 (fullversjon) | |
Selskap | Epic | |
Låtskrivar(ar) | Tom Scholz | |
Produsent | John Boylan, Tom Scholz | |
Boston-kronologi | ||
«Long Time» (1977) |
Peace of Mind | «Don't Look Back» (1978)
|
«Peace of Mind» er ein song skriven av Tom Scholz og opphavleg gjeven ut av Boston på debutplata deira Boston i 1976. Songen kom ut på singel året etter som den tredje og siste singelen frå albumet, og nådde 38. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100 i 1977,[1] og 33. plassen på Cash Box Top 100.[2] Songen vart mykje spelt på radio, både då han kom ut på albumet Boston, og seinare.
«Peace of Mind» er ein av seks songar som Scholz arbeidde på i kjellarstudioet sitt i 1974 og 9175, før Boston fekk platekontrakt. Demoinnspelinga av songen var i røynda ferdig i 1974.[3] Trommene vart først utvikla av Jim Masdea, sjølv om det er Sib Hashian som spelte på den endelege utgjevinga.[3]