Peak District nasjonalpark | |||
«The Peaks» | |||
Nasjonalpark i England | |||
Mam Tor i Peak District nasjonalpark
| |||
Offisielt namn: Peak District | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Grevskap | Derbyshire, Cheshire, Greater Manchester, Staffordshire, South Yorkshire, West Yorkshire | ||
Høgaste punkt | |||
- stad | Kinder Scout, Derbyshire | ||
• høgd | 636 moh. [1] | ||
Areal | 1 437 km² [2] | ||
Folketal | 38 100 (2000)[2] | ||
Geologi | hard korna sandstein, kalkstein | ||
Grunnlagd | 1951 | ||
For ålmenta | Somme området opne for ålmenta | ||
Vitjande | 22 millionar [3] | ||
IUCN-kategori | V - Verna område | ||
![]() Peak District 53°21′00″N 1°50′00″W / 53.35°N 1.8333333333333°W | |||
Wikimedia Commons: Peak District |
Peak District er eit høglandsområde i det sentrale og nordlege England. Det ligg for det meste i Derbyshire, men òg innanfor Cheshire, Staffordshire, samt South og West Yorkshire. Det meste av det er inkludert i Peak District nasjonalpark, som var den første nasjonalparken i Storbritannia. Parkgrensane vart trekt slik at ein unngjekk å få med byar, men Buxton er praktisk talt omringa av parken.
Området vert gjerne delt inn i den nordlege delen Dark Peak, der ein finn mykje myrlandskap, og den sørlege White Peak som er det mest folkesette området. Ifølgje parkstyresmaktene er Peak District den nest mest populære nasjonalparken i verda.
White Peak er eit kalksteinsområde, noko som medfører at det er mange grotter der. Under Dark Peak finn ein skifer og sandstein. Det høgaste punktet er toppen på Kinder Scout.