Peer Gynt-prisen, Årets Peer Gynt eller Peer Gynt-statuetten blir delt ut til personar og institusjonar som har utøvd samfunnsansvar og markert Noreg internasjonalt: «Statuetten deles ut til personer eller institusjoner som har markert seg på en positiv måte på det samfunnsnyttige plan, og som har gjort Norge kjent i utlandet.» Prisen er kalla opp etter hovudpersonen i Henrik Ibsen sitt dramatiske dikt Peer Gynt frå 1867. Den har møtt kritikk for å fremje eit feilaktig bilete av Peer Gynt, som blir framstilt som ein umoralsk egoist i diktet til Ibsen.[1][2]
Prisen vart delt ut første gong i 1971 og gjekk då til Einar Gerhardsen for hans innsats som statsminister i gjenoppbygginga av landet etter krigen. Utdelinga skjer under Peer Gynt-stemnet på Vinstra i Nord-Gudbrandsdalen, eit stemne som har blitt arrangert sidan 1967. Peer Gynt-stemnet sjølv, stortingsrepresentantar og tidlegare vinnarar av Peer Gynt-prisen kan foreslå kandidatar til prisen. Vinnaren blir stemt fram av stortingsrepresentantar, og prisen blir også delt ut av ein stortingsrepresentant. Det synlege beviset for prisen er ein bronsefigur av Peer Gynt på bukken, laga av kunstsmed Karl Bilgrei.