Peg Singel av Steely Dan frå albumet Aja | ||
B-side |
I Got the News | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | November 1977 | |
Innspelt | 1977 | |
Sjanger | Jazzrock | |
Lengd | 3:57 | |
Selskap | ABC | |
Tekstforfattar | Donald Fagen | |
Låtskrivar(ar) | Walter Becker, Donald Fagen | |
Produsent | Gary Katz | |
Steely Dan-kronologi | ||
«Haitian Divorce» (1976) |
Peg | «Deacon Blues» (1977)
|
«Peg» er ein song av det amerikanske jazzrockbandet Steely Dan, først gjeven ut i 1977 på albumet Aja. Songen kom ut på singel i 1977 og nådde 11. plassen på den amerikanske Billboard-lista i 1978 og åttandeplassen på Cash Box-lista.[1] Han låg 19 veker inne på lista, like lenge som «Rikki Don't Lose That Number» og «Hey Nineteen», to andre singlar av Steely Dan. I Canada låg «Peg» tre veker på sjuandeplassen i mars 1978.[2]
AllMusic-kritikaren Stephen Thomas Erlewine skildra «Peg» som «solskins-pop» med «lag av jazza vokalharmoniar»,[3] medan musikkeksperten Stephen K. Valdez kalla det ein blanding av jazz og rock.[4]
Det var fleire studiogitaristar som prøvde seg på gitarsoloen, inkludert Robben Ford og Larry Carlton, før det vart versjonen til Jay Graydon som vart nytta til slutt.[5] Han arbeidde på songen i kring seks timar før bandet var nøgd.[6]
Michael McDonald syng korvokal på refrenget og ein kan høyre klaverspelaren Paul Griffin snakke og improvisere korvokal på det siste refrenget og uttoninga av songen.[7]
Pitchfork kåra «Peg» til den 87. beste songen frå 1970-åra, og skildra det som «den perfekte Steely Dan-songen og ein av dei raraste hittane som nokon gong har nådd så høgt.»[5] Trommeslagaren Rick Marotta meinte «Peg» var ein av dei beste songane han nokon gong hadde spelt på.[8]
«Peg» vart kraftig sampla i 1989 på De La Soul-songen «Eye Know». I 2007 vart songen spelt av Nerina Pallot og i 2014 av Donny Osmond.