Peppermint Twist Singel av Joey Dee and the Starliters frå albumet Doin' the Twist at the Peppermint Lounge | ||
B-side |
Peppermint Twist (Part 2) | |
---|---|---|
Utgjeve | 1961 | |
Sjanger | Rock and roll | |
Lengd | 4:05(Part 1 og 2 kombinert) | |
Selskap | Roulette | |
Låtskrivar(ar) | Joey Dee, Henry Glover | |
Joey Dee and the Starliters-kronologi | ||
«Face of an Angel» (1960) |
Peppermint Twist | «Shout» (1962)
|
Peppermint Twist Singel av Sweet frå albumet Sweet Fanny Adams | ||
B-side |
Rebel Rouser | |
---|---|---|
Utgjeve | 1974 | |
Innspelt | 1974 | |
Sjanger | Glamrock | |
Lengd | 3:29 | |
Selskap | RCA (Europe) | |
Låtskrivar(ar) | Joey Dee, Henry Glover | |
Produsent | Phil Wainman | |
Sweet-kronologi | ||
«Turn It Down» (1974) |
Peppermint Twist | «Fox on the Run» (1975)
|
«Peppermint Twist» er ein song skriven av Joey Dee og Henry Glover, og spelt inn og gjeven ut av Joey Dee and the Starliters i 1961.[1] Dee utnytta populariteten til twist-dansebølgja og songen gjekk til topps på den amerikanske Billboard Hot 100 tidleg i 1962. Den originale innspelinga av songen vart rekna som for lang for ein singel og vart delt i to delar. Det var den første delen «Peppermint Twist (Part 1)», med ei lengd på 2:03, som gjekk til topps på listene. Den nesten instrumentale andre delen vart gjeven ut på B-sida til singelen .
«Peppermint Twist» erstatta Chubby Checker sin «The Twist» songen som sparka i gang twist-bølgja, på førsteplassen. Ein versjon av Bill Haley & His Comets vart spelt inn for Armed Forces Radio i 1962, men kom ikkje ut før i 2000.
Songanre på The Starliters-versjonen er David Brigati, bror av Eddie Brigati som var songar i popgruppa The (Young) Rascals.[2] Andre som spelte på innspelinga var Carlton Lattimore på orgel, Billy Butler på gitar, Jerome Richardson på saksofon og Don Martin på trommer.
Songen vart spelt av glamrockbandet Sweet i 1970-åra. Versjonen deira toppa den australske singellista i 1974,[3] og kom ut på albumet deira Sweet Fanny Adams. Catarina Valente nådde åttandeplassen i Tyskland med sin versjon i 1962.