Pepsin

Modell av pepsin i eit molekylkompleks med pepstatin

Pepsin er eit protease-enzym som finst i magesaft. Det spelar ei stor rolle i meltinga gjennom å katalysera hydrolysen av protein i næringsstoffa.

Pepsin verkar best ved låg pH. Det var eit av dei fyrste enzyma som det lukkast å krystallisera.

Pepsin vert danna og skilt ut som førenzymet pepsinogen. Pepsinogen er ikkje verksamt som eit enzym, og lyt konverterast til pepsin. Denne verksamgjeringa hender gjennom ei avspalting av peptid frå pepsinogenet, katalysert av pepsin sjølv og saltsyra som finst i magesafta.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne