Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Per Ditlev-Simonsen | |||
![]() | |||
Fødd | 12. juni 1932 (92 år) Oslo | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar, forretningsdrivande, reiar | ||
Utdanna ved | Stanford University | ||
Far | Sverre Ditlev-Simonsen | ||
Barn | Cecilie Ditlev-Simonsen | ||
Alle verv |
|
Per Ditlev-Simonsen (fødd 12. juni 1932 i Oslo) er ein norsk skipsreiar og tidlegare politikar for Høgre. Han var stortingsrepresentant 1981–1985, forsvarsminister 1989–1990 og ordførar i Oslo frå 1995 til 2007. Ditlev-Simonsen var i ei årrekkje partnar i reiarlaget Sverre Ditlev-Simonsen & Co (SDS), og har hatt ei rad ulike toppstillingar i SDS/Eidsiva-familien av selskap. Han var frå midten av 1970-talet aktiv i ei rekkje ulike verv for Oslo Høgre, og avslutta ein lang politisk karriere med å ha ordførarvervet i ein tolvårsperiode frå 1995. Ditlev-Simonsen vart pressa til å gå av som ordførar og trekkje seg ut av norsk politikk i 2007 etter at avisa Dagens Næringsliv avslørte at han hadde snytt på skatten ved bruk av ein hemmeleg bankkonto i Sveits.