Per Sundnes | |
![]() | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 16. juni 1966 (58 år) Bodø |
Yrke | musikkjournalist, programleiar, pedagog, radioprogramleiar |
Språk | norsk |
Per Sundnes på Commons |
Per André Sundnes (fødd 16. juni 1966 i Bodø) er ein norsk journalist og programleiar. Ved Eurovision Song Contest 2007 hadde Sundnes jobben som TV-kommentator etter Jostein Pedersen, og han har sidan den gongen vore tett tilknytt Melodi Grand Prix. Han er difor blitt omtalt som «Grand Prix-general».[1][2][3]
Sundnes har ein bachelor-grad i film og TV frå the London Institute, som no heiter University of the Arts London.
Før tida si som journalist i NRK jobba Sundnes som lærer. Han har vore vore fast musikk- og trendkommentator i NRK-programmet Store studio frå 2002 til 2007.
I 2005 utgav han boka Chic og bruk, som han skreiv saman med journalisten Lillian Vatnøy.[4]
Sundnes er sambuar med Tore Lengren.[5]