Periferien Sentral-Hellas

Sentral-Hellas
Στερεά Ελλάδα
Plasseringa til Sentral-Hellas i Hellas
 
Land: Hellas
Hovudstad: Lamía
Periferieiningar: Evrytanía
Fthiótida
Fokída
Viotía
Évvia
Folketal: 508 254 (2021[1])
Areal: 15 549 km²
Folketettleik: 33 /km²
Heimeside: www.stereaellada.gr

Sentral-Hellas eller Kontinental-Hellas (gresk Στερεά Ελλάδα, Stereá Elláda) er ein av tretten periferiar i Hellas. Han omfattar dei tidlegare prefektura Evrytanía, Fthiótida, Fokída, Viotía og Évvia. Periferien utgjer den austlege delen av den tradisjonelle regionen Sentral-Hellas, nord for Attikí og Peloponnes og aust for periferien Vest-Hellas. I nord ligg periferiane Thessalía og Ípiros. Området er eit av dei mest fjellendte i Hellas.

  1. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Folketeljing_2021

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne