Peter-John Vettese | |||
Fødd | 15. august 1956 (68 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Skottland | ||
Fødenamn | Peter-John Vettese | ||
Alias | Peter Vettese | ||
Opphav | Skottland, Storbritannia | ||
Aktiv | 1965 til i dag | ||
Sjanger | Progressiv rock, pop | ||
Instrument | Tangentinstrument | ||
Tilknytte artistar | Jethro Tull | ||
Plateselskap | Kobalt Music | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar, arrangør, produsent |
Peter-John Vettese (fødd 15. august 1956)[1] er ein skotsk klaverspelar, låtskrivar, arrangør og plateprodusent.
Vettese vart medlem av Jethro Tull i 1982 for innspelinga av albumet deira Broadsword and the Beast,[1][2][3] og turnerte mykje med bandet dei neste åra,[4][5] og er med på albumet Live at Hammersmith '84. Vettese medverka i stor grad på det tungt elektroniske albumet Under Wraps, (1984)[1] og turnerte igjen med bandet i 1986. Han var òg gjestemusikar på albumet Rock Island (1989).
Vettese samarbeidde med frontmannen i Tull, Ian Anderson på soloalbumet hans Walk Into Light i 1983.[1][3][6][7] Vettese var medlåtskrivar på halvparten av songane der han nyttar mykje elektroniske tangentinstrument.[6][7]
Etter dette starta Vettese karrieren sin som låtskrivar, arrangør og produsent. I 1980-åra arbeidde han med og prorduserte artistar som Frankie Goes to Hollywood, Go West, Pet Shop Boys, Bee Gees, Cher, Foreigner, Carly Simon og Clannad. I 1987 spelte han i studio med Paul McCartney, men avslo eit tilbod om å verte medlem av det gjenforeinte bandet til McCartney, Wings.
I nyare tid har han arbeidd med Simple Minds, Annie Lennox (vann Grammy for arrangementet på Walking on Broken Glass), Zucchero, Peter Cox, Heather Small, Dido, Sophie B. Hawkins, Andy Leek, Beverley Knight, Gary Barlow, Mark Owen, Geri Halliwell, Melanie C, Nate James, Alex Parks, Darren Hayes, Robin Gibb, Laura Critchley, Peter Heppner og Spark.[8]