Peter Banks

Peter Banks
Fødd15. juli 1947 (77 år)
FødestadBarnet i Nord-London
Død7. mars 2013
DødsstadLondon
FødenamnPeter William Brockbanks
OpphavStorbritannia
Aktiv1966 til i dag
SjangerProgressiv rock, rock
InstrumentGitar
Tilknytte artistarThe Nighthawks, The Syn, Mabel Greer's Toyshop, Yes, Flash, Empirə
Verka somGitarist, låtskrivar

Peter William Brockbanks (fødd 15. juli 1947) er ein engelsk gitarist mest kjend for tida si som gitarist for progressiv rock-bandet Yes mellom 1968 og 1970. Han var den første gitaristen til bandet, og vart erstatta av Steve Howe.

Peter Banks og Chris Squire møttest første gongen då Banks vart med i gruppa The Syn, som gav ut to singlar i 1967 før dei gav seg. Dei starta året etter opp Yes saman med Jon Anderson, Bill Bruford og Tony Kaye. Banks foreslo å gje bandet eit namn som skulle vere «eit kort, positivt ord som til dømes Yes (ja)», noko resten av bandet godkjende. Han var med på dei to første Yes-albuma, Yes og Time and a Word.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne