Peter Frampton | |||
![]() | |||
Fødd | 22. april 1950 (74 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Bromley i London i England | ||
Fødenamn | Peter Kenneth Frampton | ||
Opphav | Storbritannia, USA | ||
Aktiv | 1966 til i dag | ||
Sjanger | rock | ||
Instrument |
| ||
Kjende instrument | Peter Frampton Les Paul | ||
Tilknytte artistar | |||
Plateselskap | |||
Verka som |
| ||
Born | Mia Rose Frampton | ||
Prisar | stjerne på Hollywood Walk of Fame, Great Immigrants Award |
Peter Kenneth Frampton (fødd 22. april 1950) er ein engelsk rockemusikar, songar, låtskrivar og gitarist. Han spelte i banda Humble Pie og The Herd. Det internasjonale gjennombrotet til Frampton kom med konsertalbumet Frampton Comes Alive!. Albumet selde meir enn seks millionar eksemplar berre i USA og gav han fleire hittar. Sidan den gongen har han gjeve ut fleire populære album.[1] Han har òg arbeidd med David Bowie og både Matt Cameron og Mike McCready frå Pearl Jam, blant fleire.
Frampton er mest kjend for hittar som «Breaking All the Rules», «Show Me the Way», «Baby, I Love Your Way», «Do You Feel Like We Do», og «I'm in You». Han har òg spelt seg sjølv i fjernsynsshow som The Simpsons og Family Guy. Frampton er kjend for gitarspelinga si og særleg bruken av talkbox.