Peter Sinfield | |||
![]() Bilete av Gianni Ansaldi | |||
Fødd | 27. desember 1943 (81 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Fulham i London i England | ||
Død | 14. november 2024 | ||
Dødsstad | London | ||
Fødenamn | Peter John Sinfield | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1960-åra til i dag | ||
Sjanger | progressiv rock | ||
Instrument | vokal, gitar, synthesizer | ||
Tilknytte artistar | King Crimson, Emerson, Lake & Palmer, Roxy Music, Premiata Forneria Marconi, Greg Lake, Keith Christmas, Five Star, Bucks Fizz | ||
Plateselskap | Manticore, E.G. Records, EMI, Imagem Music | ||
Verka som | Plateprodusent, låtskrivar |
Peter John Sinfield (fødd 27. desember 1943) er ein engelsk låtskrivar, mest kjend som tekstforfattar og medlem i den første versjonen av King Crimson. Debutalbumet deira In the Court of the Crimson King har vorte rekna som eit av dei viktigaste progrockalbuma gjennom tidene.[1]
Som tekstforfattar har Sinfield ein særeigen måte å skrive på med omsyn til korleis orda læt, fylt med surrealistiske bilete, og særskild vekt på vass-bilete og idear som omfattar sjøen. Etter han slutta i King Crimson skreiv han tekstar for Emerson, Lake and Palmer og produserte debutalbumet til Roxy Music. Seinare i karrieren sin skreiv han for popmusikk og var medlåtskrivar på fleire hittar av artistar som Celine Dion, Cher, Cliff Richard, Leo Sayer, Five Star og Bucks Fizz.