Petter Dass | |
![]() | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1647 Helgeland |
Død |
17. august 1707 (60 år) |
Yrke | skribent, prest, lyrikar |
Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja |
Petter Dass på Commons |
Petter Dass (1647–1707) var ein teolog, prest og diktar frå Helgeland i Nord-Noreg. Han er ein kjend representant for barokken i norsk litteraturhistorie. I tillegg til å vere prest dreiv Petter Dass òg med jordbruk og handel. Petter Dass skreiv songar og rimbrev gjennom heile sitt vaksne liv, men berre Dalevisa vart trykt medan han levde. Songane hans vart utbreidde over heile landet, og diktaren sjølv vart seinare ein figur i mange segner i folkeleg tradisjon. Han har ein eineståande posisjon som diktar på norsk grunn i dansketida, og han har betydd så mykje for nordnorsk sjølvbilete at det i dag kan vere vanskeleg å skilje røyndommen om Petter Dass frå mytane.