Phil Miller | |||
Miller på The Vortex, London, oktoberr 2006 | |||
Fødd | 22. januar 1949 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Barnet i Hertfordshire i England | ||
Død | 18. oktober 2017 (68 år) | ||
Fødenamn | Philip Paul Miller | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1966–2017 | ||
Sjanger | Jazzfusion, progressiv rock, eksperimentell musikk | ||
Instrument | Gitar | ||
Tilknytte artistar | Delivery, Matching Mole, Hatfield and the North, National Health, Short Wave, In Cahoots | ||
Verka som | Musikar |
Philip Paul Miller (22. januar 1949–18. oktober 2017)[1] var ein engelsk progressiv rock/jazz-gitarist og ein sentral figur i Canterbury scene.
Miller vart fødd i Barnet i Hertfordshire. Han var sjølvlærd på gitar og skipa det første bandet sitt, Delivery, 17 år gammal med bluesmusikarar frå Ronnie Scott's Jazz Club i London.[2] Han var seinare med å skipe Matching Mole, Hatfield and the North, National Health, Short Wave (med Hugh Hopper, Pip Pyle og Didier Malherbe), og In Cahoots, som han skipa i 1982 med Richard Sinclair, Elton Dean, Peter Lemer og Pip Pyle.[3] Han har òg spelt mykje som soloartist.
Miller døydde av kreft i London i 2017.[2]