Physical Singel av Olivia Newton-John frå albumet Physical | ||
B-side |
«The Promise (The Dolphin Song)» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | September 1981 | |
Innspelt | Januar 1981 | |
Sjanger | New wave | |
Lengd | 3:45 | |
Selskap | MCA | |
Låtskrivar(ar) | Steve Kipner, Terry Shaddick | |
Produsent | John Farrar | |
Olivia Newton-John-kronologi | ||
«Suddenly» (1980) |
Physical | «Make a Move on Me» (1982)
|
«Physical» er ein song av den australske songarinna Olivia Newton-John for det 12. studioalbumet hennar, Physical. Han vart gjeven ut i september 1981 på MCA Records som den første singelen frå albumet. Songen vart skriven av Steve Kipner og Terry Shaddick, som opphavleg hadde tenkt å gje han til den britiske songaren Rod Stewart, medan produksjonen vart gjort av John Farrar.[1]
Songen vart ein umiddelbar suksess og selde 2 millionar eksemplar i USA, som gav ho platinaplate, og låg 10 veker på toppen av Billboard Hot 100. Dette vart dermed den største singelen til Newton-John i USA. Songen nådde sjuandeplassen i Storbritannia i november.[2] Songen vart nominert til Grammyprisen for beste kvinnelege popsong.
Singelen har i alt seld kring 2,5 millionar eksemplar.