Pieces of Eight

Pieces of Eight
Studioalbum av Styx
Språk engelsk
Utgjeve 1. september 1978
Innspelt 1978
Studio Paragon Recording Studios in Chicago og St. James Cathedral i Chicago
Sjanger
Lengd 42:18
Selskap A&M
Produsent Styx
Styx-kronologi 
The Grand Illusion
(1977)
Pieces of Eight Cornerstone
(1979)


Singlar frå Pieces of Eight
  1. «Blue Collar Man (Long Nights)»
    Utgjeve: September 1978
  2. «Sing for the Day»
    Utgjeve: December 1978
  3. «Renegade»
    Utgjeve: 8. januar 1979

Pieces of Eight er det åttande studioalbumet til Styx, gjeve ut 1. september 1978.

Som det førre albumet deira, The Grand Illusion (1977), selte dette albumet til 3x platinaplate i USA på grunn av hitsinglane «Blue Collar Man (Long Nights)» og «Renegade».

Bandmedlemmane var sjølv produsentar og spelte inn albumet i Paragon Studios i Chicago med lydteknikaren Barry Mraz. Albumet vart miksa av Rob Kingsland. «I'm O.K.» vart spelt inn i Paragon og St. James Cathedral. Dette var det siste albumet av fleire dei spelte inn i Paragon Studios.

Plateomslaget vart laga av Hipgnosis. DeYoung sa i eit intervju i 1991 med Redbeard at han i starten hata omslaget, men kom til å like det etter kvart som han vart eldre.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne