Pila | |
---|---|
![]() | |
Latinsk namn | Sagitta |
Forkorting | Sge |
Genitivsform | Sagittae |
Symbologi | Frå grekarane |
Rektasensjon | 19,8333 h |
Deklinasjon | 18,66° |
Areal | 80 kvadratgrader nr. 86 av stjernebilda |
Stjerner sterkare enn mag. 3 |
0 |
Sterkaste stjerne | γ Sge (3,47. mag.) |
Meteorsvermar |
|
Tilgrensande stjernebilde |
|
Synleg mellom breiddegradane +90° og −70° | |
Pila (frå latin Sagitta) er eit stjernebilde på den nordlege himmelhalvkula. Sjølv om Pila er eit stjernebilete som vart namnsett alt i oldtida, har det ingen stjerner som er lysare enn 3. storleiksklasse og har det tredje minste arealet av alle stjernebilete (berre Folen og Sørkrossen er mindre). Det var av dei 48 stjernebileta som vart oppført av astronomen Klaudios Ptolemaios på 100-talet, og er i dag eit av dei 88 moderne stjernebileta. Det ligg nord for ekvator og er synleg alle stader på jorda utanom sør for den sørlege polarsirkelen.
Pila ligg innafor Mjølkevegen og grensar til Reven, Herkules, Ørna og Delfinen.