Pink Floyd: Live at Pompeii er ein musikkfilm av Adrian Maben frå 1972. Filmen inneheld det britiske bandet Pink Floyd som spelar seks songar i ruinane av eit tomt, gamalt amfiteater i Pompeii i Italia.
Songane «Echoes», «A Saucerful of Secrets» og «One of These Days» vart filma frå 4. til 7. oktober 1971, medan resten vart filma i eit studio i Paris med blåskjermbilete av Pompeiiframføringa i bakgrunnen. Klippa frå Paris vart filma seint i 1971 eller tidleg i 1972, og ein kan sjå skilnaden ved at Richard Wright har skjegg i Paris. Denne utgåva av filmen vart gjeve ut i september 1972 og finst på DVD-utgåva.
I august 1974 vart det gjeve ut ein annan versjon av filmen, som kombinerer den originale filmen med innspelingar av The Dark Side of the Moon ved Abbey Road Studios. Desse innspelingane vart faktisk iscenesett for filmen, sidan albumet var ferdiginnspelt då desse klippa vart filma i januar 1973, og bandet allereie heldt på å mikse albumet.
Under «One of These Days», ser ein stort sett berre Nick Mason, sidan filmane av resten av bandet forsvann. Under denne framføringa kan ein sjå Mason som mistar ei trommestikke, men held fram å spele med ei hand, medan han hentar ei ny trommestikke.