Pirin

Pirin
fjellkjede
Land  Bulgaria
Kart
Pirin
41°46′40″N 23°24′00″E / 41.777777777778°N 23.4°E / 41.777777777778; 23.4
Wikimedia Commons: Pirin
Vihren frå sør
Kamenitsa og vatnet Tevno
Pirin sett frå landsbyen Kalimantsi.
Fjelltoppen Gazey sett frå Polejan og vatnet Øvre Gazey

Pirin (bulgarsk Пирин) er ei fjellkjede sørvest i Bulgaria omkring 41°45′50″N 23°25′30″E / 41.76389°N 23.42500°E / 41.76389; 23.42500. Den høgaste toppen er Vihren på 2 914 moh. Fjellkjeda strekkjer seg 40 km nordvest-søraust, og er om lag 25 km brei. Det meste av kjeda ligg innanfor nasjonalparken Pirin nasjonalpark.

Pirin er kjend for eit rikt dyre- og planteliv. Mykje av område er skogkledd med den beste barskogen i Bulgaria, mellom anna artar som ein berre finn på Balkan, som silkefuru, panserfuru og Kong Boris-edelgran (Abies borisii-regis). Av dyr finn ein mellom anna ulv og brunbjørn.

Byen Bansko, ein viktig turist- og vintersportstad, ligg på nordaustsida av Pirin. Byen Razlog ligg i ein dal mellom Pirin i sør og Rilafjella i nord.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne