Pisa

Pisa
by
Pisa sett frå Det skeive tårnet
Land  Italia
Region Toscana
Provins Pisa
Areal 185,07 km²
Folketal 88 737  (1. januar 2023)
Postnummer 56100
Retningsnummer 050
Kart
Pisa
43°43′00″N 10°24′00″E / 43.716666666667°N 10.4°E / 43.716666666667; 10.4
Wikimedia Commons: Pisa

Pisa er ein by i Italia ved elva Arno og Liguriahavet. Han er hovudstad i provinsen Pisa i regionen Toscana og har om lag 90 000 innbyggjarar.

Turisme er viktig i byen, særleg på grunn av det skeive tårnet som står her.

Pisa har òg eit kjent universitet, Università di Pisa, grunnlagd i 1343, som særleg har hevda seg innan det juridiske området.

Under mellomalderen var Pisa ein av de fire maritime republikkane, dei andre var Genova, Amalfi og Venezia. Dessutan var byen eit særs viktig og mektig handelssentrum.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne