Piz Vial | |||
fjell | |||
Piz Vial (bakgrunnen) frå Val Sumvitg
| |||
Land | Sveits | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Dei lepontinske Alpane | ||
Høgd | 3 168 moh. | ||
Primærfaktor | 465 m ↓ mot Piz Medel | ||
Koordinatar | 46°37′54.9″N 8°58′8.9″E / 46.631917°N 8.969139°E | ||
Piz Vial 46°37′55″N 8°58′09″E / 46.631916666667°N 8.9691388888889°E | |||
Plasseringa i Sveits
| |||
Wikimedia Commons: Piz Vial |
Piz Vial er eit 3 168 moh høgt fjell i Dei lepontinske Alpane, som ligg sør for Sumvitg i kantonen Graubünden. Toppen ligg ein kilometer frå grensa til Ticino og dannar i lag med det høgare nabofjellet Piz Medel, Greina-platået.
Piz Vial-massivet består av fleire toppar (frå vest til aust): Piz Valdraus (3 096 moh, det nordlegaste punktet i Ticino), Piz Gaglianera (3 121 moh), Piz Vial og Piz Greina (3 124 moh). Den nordlegaste kammen på Piz Vial skil to brear, Glatscher da Valdraus i vest og ein mindre bre i aust.