Baneparametrar (Epoch J2000) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Store halvakse | 108 208 926 km 0,72333199 AE | ||||||
Banens omkrins | 680 000 000 km 4,545 AE | ||||||
Eksentrisitet | 0,00677323 | ||||||
Perihel | 107 476 002 km 0,71843270 AE | ||||||
Aphel | 108 941 849 km 0,72823128 AE | ||||||
Omløpsperiode | 224,70096 d (0,6151977 år) | ||||||
Synodisk periode | 583,92 d | ||||||
Gjennomsnittleg banefart | 35,020 km/s | ||||||
Maks. banefart | 35,259 km/s | ||||||
Min. banefart | 34,784 km/s | ||||||
Banehelling | 3,39471° (3,86° til solekvator) | ||||||
Lengda til oppstigande knute |
76,68069° | ||||||
Perihelargument | 54,85229° | ||||||
Talet på satellittar | 0 | ||||||
Fysiske eigenskapar | |||||||
Diameter ved ekvator | 12 103,7 km (0,949 · jordas) | ||||||
Overflateareal | 4,60·108 km2 (0,902 jordklodar) | ||||||
Volum | 9,28·1011 km3 (0,857 jordklodar) | ||||||
Masse | 4,8685·1024 kg (0,815 jordklodar) | ||||||
Snitt tettleik | 5,204 g/cm3 | ||||||
Ekvatorial tyngdekraft | 8,87 m/s2 (0,904 g) | ||||||
Unnsleppingsfart | 10,36 km/s | ||||||
Rotasjonsperiode | -243,0185 d | ||||||
Rotasjonsfart | 6,52 km/t (ved ekvator) | ||||||
Aksehelling | 2,64° | ||||||
Rektasensjonen til nordpolen |
272,76° (18 t 11 min 2 s) [1] | ||||||
Deklinasjon | 67,16° | ||||||
Albedo | 0,65 | ||||||
Overflatetemp* |
| ||||||
(* minimumstemperaturen refererer berre til toppen av skylaga) | |||||||
Atmosfærisk samansetting | |||||||
Atmosfærisk trykk | 9 321,9 kPa | ||||||
Karbondioksid | 96% | ||||||
Nitrogen | 3% | ||||||
Svoveldioksid | spor | ||||||
Vassdamp | spor | ||||||
Karbonmonoksid | spor | ||||||
Argon | spor | ||||||
Helium | spor | ||||||
Neon | spor | ||||||
Karbonylsulfid | spor | ||||||
Hydrogenklorid | spor | ||||||
Hydrogenfluorid | spor |
Venus (symbol: ) er den andre planeten i solsystemet vårt om ein startar ved sola. Han er kalla opp etter kjærleiksgudinna Venus frå romersk mytologi.
Venus vert gjerne kalla tvillingplaneten til jorda, av di jorda og Venus har omtrent same storleik og masse. Venus er lett å få auge på på himmelen, og menneska har kjend til han i uminnelege tider.
Banen er nesten sirkulær og middelavstanden frå sola er 0,7 gonger middelavstanden til jorda. Omlaupstida til planeten, Venusåret, er 225 dagar. Ettersom Venus er nærare sola enn jorda er, står ho aldri langt frå sola på himmelen sett frå jorda. Difor ser ein ofte planeten som ei klar stjerne like før soloppgang eller like etter solnedgang. Venus har difor vorte kalla både morgonstjerna og kveldsstjerna. I Hellas i antikken var Hesperos og Fosforos mytologiske personifiseringar av dei to. Venus kan stundom vere så klår at ho er synleg om dagen og har ein maksimal storleiksklasse på −4,4. På nattehimmelen er det berre månen som lysar sterkare enn Venus, men sjølv har planeten ingen eigen måne. Akkurat som månen, så viser Venus fasar