Podgorica

Podgorica
Подгорица
by
Utsyn over Podgorica.
Flagg
Våpenskjold
Land  Montenegro
Koordinatar 42°26′N 19°16′E / 42.433°N 19.267°E / 42.433; 19.267
Høgd 44 m
Areal 1 205 km²
Folketal 180 186  (2023)[1]
Grunnlagd Før 1000-talet
Borgarmeister Marko Kovačević
Tidssone CET (UTC+1)
Postnummer 81000
Retningsnummer 81
Bilnummer PG
Kart
Podgorica
42°26′29″N 19°15′46″E / 42.441388888889°N 19.262777777778°E / 42.441388888889; 19.262777777778
Kart som viser Podgorica.
Kart som viser Podgorica.
Kart som viser Podgorica.
Wikimedia Commons: Podgorica
Nettstad: podgorica.me

Podgorica (kyrillisk Подгорица) er hovudstaden og den største byen i Montenegro med om lag 180 000 innbyggjarar. Byen vart tidlegare kalla Titograd. Han ligg der elvane Ribnica og Morača renn saman og der dei frodige Zeta- og Bjelopavlićislettene møter kvarandre, berre nokre få titals kilometer frå både vinterskistadane i nord og feriestadane ved Adriahavet.

Kommunen blir offisielt omtala som «hovudstaden Podgorica» (Glavni grad Podgorica / Главни град Подгорица). Ved folketeljinga i 2023 hadde kommunen 180 186 innbyggjarar etter dei førebels resultata.[1]

Kommunen Podgorica utgjer om lag 10,4 % av det totale arealet til Montenegro og 27,3 % av folkesetnaden. I tillegg til å vere det administrative senteret i Montenegro er Podgorica òg det viktigaste senteret for økonomi, kultur og handel.

  1. 1,0 1,1 Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Folketeljing 2023

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne