Poitou er ein historisk provins i Frankrike på den sentrale vestkysten av landet. Provinshovudstaden var Poitiers. Han blei seinare del av regionen Poitou-Charentes, og frå 2016 del av den nye regionen Nouvelle-Aquitaine.
I tillegg til Poitiers er andre historisk viktige byar her Châtellerault, Niort, La Roche-sur-Yon, Thouars og Parthenay.
I området ligg eit stort sumpland kalla Poitevin-sumpen (fransk Marais Poitevin) ved Poitou-bukta, like nord for La Rochelle.