polabisk (venskă rec) | ||
Klassifisering: | indoeuropeiske språk slaviske språk vestslaviske språk lechitiske språk polabisk | |
Bruk | ||
Utdøydd: | 1700-talet | |
Språkkodar | ||
ISO 639-2: | sla | |
ISO 639-3: | pox |
Polabisk (venskă rec[1]) er eit utdøytt vestslavisk språk frå den lechitiske greina som vart brukt frå 600-talet[2] til midten av 1700-talet[3] i områda som i dag utgjer den nordaustlege delen av Tyskland. Språket hadde mange felles særdrag med pommerske talemål og polsk, men isolasjon av den polabisktalande befolkninga førte til store dialektskilnader. Polabisk hadde heller ikkje eit standardisert skriftspråk. Det kunne skrivast med det latinske alfabetet, men tekstuelle bevis er faktisk ganske få: hovudsakleg korte ordlister med omsetjing til tysk. Dei to lengste tekstane – Herres bøn og folkevisa «Fuglebryllaup» vart skrivne ned av tyskarar då språket allereie var døyande, difor er dei fulle av tyske lånord[2].
Mangel på skriftstandarden og isolering av dialektar frå einannan og frå andre slaviske språk førte til stor grad av språkleg innovasjon, medan utsetjing for fortysking ligg bak leksikalsk utarming. Dette hadde til fylgje fleirtydigheit i vokabular, til dømes ordet zaīvët (< frå urslavisk *živòtъ) tydde både 'kropp' og 'mage', medan rånü (< frå urslavisk *ráno) tydde 'morgon', 'tidleg' og 'snart'.[1]