Rzeczpospolita Polska
(norsk: Polen, polsk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Mazurek Dąbrowskiego» | ||||||
Offisielle språk | Polsk1 | ||||||
Hovudstad | Warszawa | ||||||
Styresett |
Republikk Andrzej Duda Donald Tusk | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
312 685 km² (69.) 2,6 % | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Tettleik |
38 476 269 (34.) 123,1 /km² (69.) | ||||||
Sjølvstende – Erklært |
11. november 1918 | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
1 003 000 mill. USD (23.) 27 800 USD (49.) | ||||||
Valuta | Złoty | ||||||
Tidssone | UTC +1 | ||||||
Telefonkode | +48 | ||||||
Toppnivådomene | .pl | ||||||
1Regionalt òg tysk, kasjubisk, kviterussisk og ukrainsk |
Polen (polsk Polska /ˈpɔl.ska/), offisielt Republikken Polen (polsk Rzeczpospolita Polska /ˌʒɛt͡ʃ.pɔsˈpɔ.li.ta ˈpɔl.ska/) er eit land i Sentral-[1] eller Aust-Europa[2]. Det ligg i midten av Europa og grensar i vest mot Tyskland, i sør mot Tsjekkia og Slovakia, i aust mot Ukraina og Kviterussland, og i nord mot Austersjøen, Litauen og den russiske Kaliningrad-eksklaven. Polen delar òg sjøgrenser med Danmark og Sverige. Med ei flatevidd på 312 679,67 km²[3] er Polen verdas 69. største land. Folketalet i Polen er om lag 38,5 millionar menneske[4], for det meste busette i byar[5].
Den fyrste polske staten oppstod i 966, med eit territorium som liknar på dei moderne grensene til Polen. Landet vart eit kongedøme i 1025 og gjekk i 1569 inn i ein langvarig union med Storhertugdømet Litauen og danna Det polsk-litauiske samveldet. Samveldet vart oppløyst i 1795 då Polen vart delt mellom grannelanda sine Russland, Preussen og Austerrike. Polen vann sjølvstendet sitt tilbake i 1918 etter fyrste verdskrig, men tapte det igjen under andre verdskrig, då landet vart okkupert av Det tredje riket og Sovjetunionen. Etter krigen vart Polen gjort om til eit sosialistisk[6][7] «austblokkland» under sovjetisk kontroll. I 1989 kvitta Polen seg med sosialiststyret og landet vart uformelt kjent som «Den tredje polske republikken».
I dag er Polen eit parlamentarisk demokrati som består av seksten voivodskap, og er det sjette mest folkesette medlemsland i Den europeiske unionen. Landet er dessutan medlem i NATO, SN, OECD, WTO og fleire andre internasjonale organisasjonar.