PST | |||
| |||
| |||
Org.form | Organisasjonsledd | ||
---|---|---|---|
Org.nr. | 974769484 | ||
Skipa | 1937 | ||
Morselskap | Justis- og politidepartementet | ||
Hovudkontor | Nydalen | ||
Land | Noreg | ||
Grunnleggjar(ar) | Trygve Lie | ||
Adm.dir. | Hans Sverre Sjøvold, Beate Gangås | ||
Nettstad | https://pst.no (bokmål) |
Politiets tryggingteneste (PST, som står for Politiets sikkerhetstjeneste) er ein part Politi- og lensmannsetaten i Noreg, beinveges underlagt Justis- og beredskapsdepartementet og jamstilt med Politidirektoratet. Tryggingstenesta har som oppgåve å ta vare på landets tryggleik andsynes terrorisme, sabotasje, industrispionasje (spionasje retta mot norske private og offentlege verksemder) og motarbeide spreiing av masseøydeleggingssvåpen. I samband med dette skal tryggingstenesta òg drive kontraetterretning, kontraspionasje. I motsetnad til den militære etterretningstenesta har Politiets tryggingteneste høve til å overvake norske borgarar i samsvar med særskilde reglar.[1]
Politiets tryggingteneste har røter attende til åra 1936-1937. I 2002 vart namnet endra frå å vere Politiets overvakingsteneste (Politiets overvåkningstjeneste, avstytt til POT) til det noverande Politiets tryggingteneste (Politiets sikkerhetstjeneste, PST).