Politiken | |||
Politikens Hus på Rådhuspladsen i København. | |||
Land | Danmark, Kongeriket Danmark | ||
---|---|---|---|
Type | Avis, dagsavis | ||
Grunnlagd | 1. Oktober 1884 | ||
Eigarar | Herning | ||
Utgjevar | JP/Politikens Hus | ||
Språk | Dansk | ||
Ideologi | Sosialliberalisme | ||
Hovudkvarter | København | ||
ISSN | 0907-1814, 2246-5367 | ||
Nettstad | https://politiken.dk/ (dansk) |
Dagbladet Politiken er ei dansk avis som kjem ut dagleg (kvardagar og sundagar) i København. Utgjevar er JP/Politikens Hus, ein fusjon frå 1. januar 2003 av selskapa Politikens Hus og dagsavisa Morgenavisen Jyllands-Posten. Politiken har hovudkontor i Politikens Hus på Rådhuspladsen i København.
Politiken, som er ei av dei største avisene i Danmark, har tradisjonelt vore det som i Danmark vert kalla socialliberal, det vil seie at avisa i sitt syn på samfunnsproblema har tradisjon for å halde seg til venstre for midten av den politiske høgre-venstreaksen. Slik skil Politiken seg markant frå dei to andre store landsdekkjane avisene i Danmark, Berlingske Tidende og Jyllands-Posten, som båe er partipolitisk uavhengige aviser på den høgre sida i det politiske spekteret.