Politivald viser til valdsbruk frå politiet. Ved sida av militærvesenet er politiet vanlegvis den einaste institusjonen med lovfesta myndigheit til autorisert maktbruk. Visse former for valdsbruk blir generelt oppfatta som legitime, som avgrensa bruk av vald ved arrestasjonar eller for å hindra skade frå ein valdsbrukar. Andre typar praksis, som overdriven eller unødvendig valdsbruk eller bruk av vald for å tvinga fram tilståingar (tortur), blir gjerne rekna som illegitim og kan strida mot lovverk eller internasjonale menneskerettar. Kva som er «nødvendig» og kva som er «unødvendig» valdsbruk kan vera vanskeleg å skilja klart, og situasjonar blir gjerne oppfatta ulikt av valdsutøvarar og dei det blir utøvd vald mot.