Pommes frites (frå fransk [pommes de terre] frites, 'steikte poteter', IPA [pom frit]) eller chips (frå engelsk [potato] chips) er poteter som er delte i stavar og friterte. I USA kallar ein denne potetretten french fries, i Storbritannia som oftast chips eller french fried (potatoes). Frityrsteikte poteter med andre former (skiver, båtar, kuler) blir ikkje kalla pommes frites, men har gjerne eigne namn.
Det nøyaktige opphavet til retten er ukjent, men Belgia, Frankrike og Nederland blir gjerne rekna som opphavsland. [1][2] Pommes frites eller berre frites (fransk), frieten (brukt i Flandern og sørlege delar av Nederland) eller patat (brukt i nordlege og sentrale Nederland) blei nasjonalrett eller del av fleire nasjonalrettar, som moules-frites eller steak-frites.[3] Pommes frites serverer ein ofte i snøggmatrestaurantar, men også på etestader av høg klasse. I Belgia og Nederland blir dei gjerne selde i friteries (fransk), frietkot/frituur (flamsk), snackbar (nederlandsk) eller Fritüre/Frittüre (tysk). Dei blir serverte med ulike belgiske sausar og etne anten åleine eller med ulikt tilbehøyr. Tradisjonelt serverer ein pommes frites i ein cornet de frites (fransk), patatzak[4]/frietzak/fritzak (nederlands/flamsk) eller Frittentüte (tysk), eit kvitt kremmarhus av papp pakka i papir, med ein dash saus (ofte majones) oppå.
Pommes frites inneheld metta feittsyrer, som er den mest usunne feittypen.