Gnaeus Pompeius Magnus | |||
| |||
Politiker og hærfører | |||
Parti | optimatene | ||
---|---|---|---|
Fødd | 29. september 106 f.Kr. | ||
Fødestad | Regio V Picenum | ||
Død | 29. september 48 f.Kr. (58 år) | ||
Dødsstad | Alexandria | ||
Mor | Lucilia | ||
Far | Gnaeus Pompeius Strabo | ||
Ektefelle | 1) Antistia ?-82 f.Kr. 2) Aemilia Scaura 82–79 f.Kr. 3) Mucia Tertia 79–61 f.Kr. 4) Julia 59-54 f.Kr. 5) Cornelia Metella 52-48 f.Kr. | ||
Barn | Gnaeus Pompeius Pompeia Magna Sextus Pompeius | ||
Medlem | Det første triumviratet |
Gnaeus Pompeius Magnus (29. september 106 f.Kr.-29. september 48 f.Kr.) var ein framståande romersk militærleiar, provinsguvernør og politikar på 100-talet f.Kr. Han kom frå ein rik italiensk provinsiell bakgrunn. Far hans hadde vore den første som etablerte familien blant den romerske adelen. Den raske suksessen til Pompeius som general mens han framleis var svært ung gjorde det mogleg for han å avansera direkte til sitt første konsulskap utan å møta dei normale krava for posisjonen. Pompeius utmerka seg første gong som militær leiar under diktatorstyret til Sulla. For dei militære triumfane sine fekk han tilnamnet «Magnus» («den store»). Han var konsul tre gonger og feira tre triumfar.
Pompeius bidrog deretter til å slå ned slaveopprøret til Spartacus. For å styrka stillinga si vidare allierte Pompeius seg med Julius Cæsar og Marcus Crassus i det første triumviratet. Avtalen blei forsegla då Pompeius gifta seg med den einaste dottera til Cæsar, Julia. Triumviratet varte likevel ikkje lenge. Etter at Crassus blei drepen i slag i 53 f.Kr., prøvde Pompeius å utmanøvrera Cæsar for å få kontroll over republikken. Dette utløyste ein borgarkrig mellom Cæsar og Pompeius. Krigen ende i slaget ved Farsalos der Pompeius blei slått og måtte flykta til Egypt. Der blei Pompeius forråda og drepen av Ptolemaios XIII av Egypt.