Poole | ||
---|---|---|
Poole Quay | ||
Motto «Ad Morem Villae De Poole» (I følgje skikkane i byen Poole) | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Dorset | |
Distrikt | Poole | |
Geografi | ||
Flatevidd - By |
64,88 km² | |
Innbyggjarar - By (2008) - folketettleik |
138 800 2 139,3 /km² | |
Koordinatar | 50°43′N 1°59′W / 50.717°N 1.983°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | BH | |
Telefon-retningsnummer | 01202 | |
Nettstad: www.poole.gov.uk | ||
Poole er ein kystby i Dorset i England, med status som sameint styresmakt. Han ligg ved Poole hamn, ei stor naturleg hamn. Poole og Bournemouth utgjer eit samanhengande urbant område.
Byen ligg i eit populært turistområde, med Bournemouth i aust, Studland mot sør og Jurassic Coast mot sørvest. Byen har vakse raskt, og området Sandbanks er så populært at det ein periode har hatt dei fjerde høgaste tomteprisane i verda. I dette området, og dessutan området austover frå hamna mot The Avenue, som er austgrensa til Poole, ligg det ei rekkje store bustader.