Porter er ei form for mørkt, overgjæra øl, som har opphav i London og slo gjennom på 1700-talet.[1][2] Det skal ha fått namnet sitt etter berarar, porters, som likte dette ølet, men denne soga er ikkje bekrefta.[3]
Ein sterkare type porter blei kalla Stout porter, noko som seinare blei forkorta til stout.
Drikken passar godt saman med mørk sjokolade, og blei ofte servert til sjokoladekake.