Portugisisk Português | ||
Klassifisering | Indoeuropeisk italiske språk romanske språk iberoromanske språk | |
Talarar | portugisarar | |
Bruk | ||
Tala i | Der det har offisiell status, og i tillegg Andorra, Canada, Ekvatorial-Guinea, Frankrike, Luxembourg, Namibia, Paraguay, Sør-Afrika, Uruguay, USA, Venezuela og andre land. | |
Portugisisktalande i alt | 202 til 209 millionar | |
Rangering | 13 | |
Skriftsystem | Latinsk | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i | Angola, Brasil, Guinea-Bissau, Kapp Verde, Macao, Mosambik, Portugal, São Tomé og Príncipe og Aust-Timor | |
Normert av | Det internasjonale portugisiske språkinstitutt, under CPLP | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | pt | |
ISO 639-2 | por | |
ISO 639-3 | por | |
Wikipedia på portugisisk |
Portugisisk er eit språk som blir snakka i Portugal, Brasil og i dei tidlegare portugisiske koloniane i Afrika, spesielt i Kapp Verde, Angola og Mosambik. Meir enn 200 millionar menneske har portugisisk som morsmål.
Språket er ein del av den romanske språkklassa. Galisisk, som blir snakka i Galicia nord for Portugal, er nært i slekt med portugisisk, og i språkvitskapen blir dei to gjerne rekna som eitt språk.[1] Politisk er dei likevel to språk på det viset at dei har kvar si rettskriving og oftast blir nemnd med kvart sitt namn.
Portugisisk liknar så mykje på spansk (kastiljansk) at morsmålstalarar finn det enkelt å lære å forstå kvarandre. Det har mykje av ordforrådet til felles med dei andre romanske språka. Som dei fleste av dei, har språket to grammatiske kjønn og ei rik verbbøying. Det har faktisk former som ikkje finst eller er sjeldne sjølv i nærskylde språk, mellom anna ein infinitiv som kan bøyast i person og tal.