Portvin, som på portugisisk vert kalla Vinho do Porto, altså vin frå byen Porto, er ein såkalla heitvin eller sterkvin som er laga av druer frå vinmarkene ikring Douroelva nord i Portugal.
Etter ei stutt gjæringstid vert vinen tilsett eit smaksnøytralt brennevin, aguardente. Gjærcellene i vinen døyr av alkoholforgifting, og ettersom gjæren i vinen lever av sukkeret i druene, vert restsukkeret i vinen teke vare på nå gjæringa stoggar. På dette viset vert det laga ein sterk og søt vin med 19–20 % alkohol, som gjerne vert lagra ei tid før han skal konsumerast. Opphavleg vart vinen handsama på denne måten for å kunne halde seg under transport og omsetjing på hovudmarknaden, som framfor alt var England, og det er knytt mange engelske tradisjonar, ord og uttrykk til portvinen.