Porvoo-fellesskapet er eit anglikansk-luthersk kyrkjefellesskap mellom dei lutherske kyrkjene i Norden og Baltikum, dei anglikanske kyrkjene på Dei britiske øyane og episkopalske kyrkjene på Den iberiske halvøya. Avtalen om fellesskapet, Porvoo-avtalen, vart forhandla fram i Porvoo i Finland. Den norske kyrkja slutta deg til avtalen gjennom vedtak i Kyrkjemøtet 1994. Avtalen vart underteikna av dei øvste kyrkjeleiarane ved kyrkjelege seremoniar 1. september 1996 i Nidarosdomen, 8. september 1996 i Tallinn domkyrkje i Estland og 28. november 1996 i Westminster Abbey i London. Preses i Bispemøtet, Andreas Aarflot og leiar i Kyrkjerådet, Oddbjørn Evenshaug, underteikna for Den norske kyrkja.
Avtalen inneber at kyrkjesamfunna godkjenner dåp, nattverd og bispeembete hos dei andre avtalepartane, og at døypte medlemmer av dei einskilde kyrkjesamfunna kan rekne seg som medlemmer av andre kyrkjer i fellesskapet. Innan Porvoo-fellesskapet kan biskopar, prestar og diakonar gjere teneste utan ny ordinasjon eller vigsling.