Post-fermentert te (kinesisk 黑茶, pinyin hēichá) er ein type te som er blitt lagra i friluft, frå nokre månader til mange år. Eksponeringa av teen for mikroorganismane, fukta og oksygenet i lufta fører til vidare oksidering, fermentering og kan hende noko reaktivering av oksidative enzym i teblada. Lagringa endrar lukta til teen mildnar typisk smaken. Det gjer at te som tidlegare var skarp og bitter kan gjerast om til eit rikt og fyldig produkt med behageleg munnkjensle og ettersmak.
I kinesisk og kinesisk-påverka austasiatisk kultur blir post-fermentert te kollektivt referert til som mørk te eller svart te på grunn av den mørkebrune fargen te brygga på denne typen blad får. I Vesten blir ein annan type te kalla «svart te»; denne blir på kinesisk omtalt som «raud te».