Post-rock | |||
| |||
Stilmessig opphav | |||
---|---|---|---|
Kulturelt opphav | Slutten av 1980-åra og byrjinga av 1990-åra i Storbritannia, Canada og USA | ||
Typiske instrument | Elektrisk gitar, bassgitar, trommer | ||
Avleidde former | Blackgaze[1] post-metal | ||
Musikalske scener | |||
Montreal, Island, Chicago, Louisville, Glasgow, Leicester, New Zealand | |||
Andre emne | |||
Alternativ rock, kunstrock, indie-rock, industrial music, jazz fusion, noise rock, post-hardcore,[2] post-progressiv, math+rock, shoegazing |
Post-rock er ein musikksjanger innan eksperimentell rock,[3] karakterisert av bruken av rockeinstrument til å utforska tekstur og klangfarge heller enn tradisjonelle songstrukturar, akkordar eller riff.[4] Musikken er ofte laga ved hjelp av rockeinstrument i lag med elektronikk,[3] og er ofte instrumental.[5][6][3]
Sjølv om musikkstilen stammar frå indie og underground-scena frå 1980- og tidleg 1990-tal har post-rock-stilen ofte lite til felles musikalsk med samtidig indie-rock, ettersom han skil seg kraftig frå rockekonvensjonane.[6] Silen kan låna inn element frå sjangrar som ambient, krautrock, IDM, jazz, minimalistisk musikk og dub-musikk.[3]
Nokre kjende post-rockgrupper er Sigur Rós, Explosions in the Sky, Mono, Godspeed You! Black Emperor, Stereolab, Maybeshewill, Mogwai, Disco Inferno og Tortoise, med individuelle stilar som kan variera mykje sjølv om dei fleste nytter electrisk gitar og trommer. Derfor har omgrepet vore omdiskutert både blant utøvarar og lyttarar.[7]
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet The Wire May 1994
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Pitchfork