Potsdam | |
---|---|
![]() | |
Byvåpen | Plassering |
![]() |
|
Styresmakter | |
Land Delstat Regierungsbezirk Landkreis |
![]() Brandenburg Ingen Kreisfri by |
Først nemnd i | 993 |
Geografi | |
Flatevidd - By |
188,25 km² |
Innbyggjarar - By (2013) - folketettleik |
161 468 858/km² |
Koordinatar | 52°24′0″N 13°4′0″E / 52.40000°N 13.06667°E |
Høgd over havet | 35 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 14467–14482 |
Telefon-retningsnummer | 0331, 033208, 033201 |
Bilnummer | P |
Heimeside: www.potsdam.de |
Potsdam er ein by i Tyskland og hovudstad i delstaten Brandenburg med om lag 161 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Havel sørvest for Berlin, og er ein del av storbyområdet Berlin/Brandenburg.
Potsdam er kjend som tidlegare residens for dei prøyssiske kongane fram til 1918. Byen ligg ved fleire samanhengande innsjøar og eit unikt kulturlandskap, særleg parkane og palassa i Sanssouci, den største verdsarvstaden i Tyskland.
Potsdambydelen Babelsberg er òg ein av dei leiande aktørane innan europeisk filmproduksjon. Filmstudio Babelsberg er av historisk verdi som det eldste storskala filmstudioet i verda. Deutsches Filmorchester Babelsberg spelar ofte filmmusikk for både tyske og utanlandske filmar.
Byen utvikla seg til eit vitskapssenter på 1800-talet. I dag er det tre offentlege universitet og meir enn 30 forskingsinstitusjonar i Potsdam.