Prairie Wind Studioalbum av Neil Young | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 27. september 2005 | |
Innspelt | Mars 2005 | |
Sjanger | Countryrock, folkrock, americana | |
Lengd | 52:05 | |
Selskap | Reprise | |
Produsent | Neil Young, Ben Keith | |
Neil Young-kronologi | ||
---|---|---|
Greendale (2003) |
Prairie Wind | Living with War (2006)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Music Box | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Robert Christgau | A−[3] |
Music OMH | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Pitchfork Media | (5.8/10)[5] |
Rolling Stone | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Prairie Wind er det 30. studioalbumet til den kanadiske musikaren Neil Young, gjeve ut 27. september 2005. Etter å ha å flørta med soulmusikk frå 1960-åra (Are You Passionate?) og laga ein rockeopera (Greendale) dei føregåande åra, var Prairie Wind tilbake til ein akustisk stil som minna om dei mest populære albuma hans, som Harvest og Harvest Moon. Albumet var delvis inspirert av sjukdommen og det nylege dødsfallet til faren, den kanadiske journalisten Scott Young, og albumet er dedisert til han.
Young spelte inn albumet i Nashville før han vart operert for aneurisme våren 2005. På somme av songane på albumet ser det ut til at Young konfronterer dødelegheita si.
Albumet hadde premiere under to konsertar 18. og 19. august 2005 i Ryman Auditorium i Nashville. Desse konsertane vart filma av Jonathan Demme og gjeven ut som Heart of Gold.
Young spelte første gongen avslutningssongen «When God Made Me» på Live 8-konserten i Barrie i Canada.