Predasjon

Sjøstjernearten krosstroll et ei musling.

Predasjon er ein biologisk interaksjon kor ein organisme (predatoren) tek til seg føde frå ein annan levande organisme (byttet). Predatorar drep ofte byttet før eller i løpet av prosessen, men dette er ikkje alltid tilfelle.

Den andre hovudforma for næringsinntak hjå heterotrofe dyr er detrivori, det vil seie fødeinntak frå daudt organisk materiale (detritus). Stundom kan det vera vanskeleg å skilja desse to formene for næringsopptak, til dømes når parasittar drep byttet sitt og legg egga sine i det for at larvane skal kunne leva av den rotnande kroppen. Det viktigaste karaktertrekket ved predasjon er likevel verknaden han har på bestandane av byttedyr. Dette står i motsetnad til detrivore dyr, som et kva dei har for handa og såleis ikkje har nokon direkte innflytnad over «donor»-organismane.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne