Press to Play Studioalbum av Paul McCartney | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 25. august 1986 | |
Innspelt | Mars-mai 1985 i McCartney sitt studio i Sussex, og oktober-desember 1985 i dei skotske studioa til McCartney | |
Sjanger | ||
Lengd | 45:11 | |
Selskap | Parlophone (UK) Capitol (US) | |
Produsent | Paul McCartney, Hugh Padgham | |
Paul McCartney-kronologi | ||
---|---|---|
Give My Regards to Broad Street (1984) |
Press to Play | All the Best! (1987) |
Singlar frå Press to Play | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Chicago Tribune | (middels)[2] |
Encyclopedia of Popular Music | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
The Essential Rock Diskografi | 4/10[4] |
Los Angeles Times | (negativ)[5] |
Q | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Rolling Stone | (positiv)[7] |
The Rolling Stone Album Guide | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Stylus Magazine | (middels)[9] |
Press to Play er det sjette soloalbumet til den engelske musikaren Paul McCartney, utgjeve i august 1986. Det var det første albumet til McCartney med ny musikk sidan Pipes of Peace i 1983, og det første soloalbumet hans som vart gjeve ut internasjonalt på EMI. Etter dårleg kritikk for musikalfilmen Give My Regards to Broad Street i 1984, ønskte McCartney å slå attende, og henta inn produsenten Hugh Padgham, som hadde vore produsent for Peter Gabriel, Phil Collins, Genesis, The Human League, The Police og XTC, for å gje albumet ein moderne stil.
Press to Play fekk blanda kritikk då det kom ut og fram til då hadde ingen tidlegare album av McCartney seld så svakt. Det nådde ikkje Topp 20 i Amerika, men klarte ein åttandeplass i Storbritannia på albumlista der. Det selde òg til gullplate i Storbritannia i september 1986.[10] Det vart gjeve ut fire singlar frå Press to Play: «Press», «Pretty Little Head», «Stranglehold» og «Only Love Remains». «Press» vart ein liten hit og nådde 21. plassen i USA. I musikkvideoen kan ein sjå McCartney vandre rundt på Piccadilly Circus stasjon i London, tar undergrunnsbanen og snakkar med folk der.