Pretty Flamingo Singel av Manfred Mann | ||
B-side |
«You're Standing By» | |
---|---|---|
Utgjeve | 15. april 1966 | |
Innspelt | 1966 i Abbey Road Studios i London | |
Sjanger | Sunshine pop | |
Lengd | 2:31 | |
Selskap | His Master's Voice POP 1523[1] | |
Låtskrivar(ar) | Mark Barkan[1] | |
Produsent | John Burgess[1] | |
Manfred Mann-kronologi | ||
«If You Gotta Go, Go Now» (1965) |
Pretty Flamingo | «You Gave Me Somebody to Love» (1966)
|
«Pretty Flamingo» er ein song skriven av Mark Barkan, og vart ein hit i 1966 då Manfred Mann gav songen ut på singel. Singelen nådde toppen av UK Singles Chart on 5. mai 1966.[2][1] Manfred Mann si innspeling vart ein mindre hit i USA der han låg åtte veker på Billboard 's Hot 100-lista med ein 29. plass som høgaste plassering veka 6. august 1966.[3] Songen var òg ein suksess i Irland, der han låg på toppen av lista i fire veker og heldt The Rolling Stones sin «Paint It Black» på andreplassen.
Den framtidige Cream-bassisten Jack Bruce, som var med i bandet ein kort periode i 1965, spelte bass på innspelinga.[1]