Programvarebibliotek

Skematisk framstilling av eit program som nyttar programbiblioteket libvorbisfile.so for å spela ei Ogg Vorbis-fil.

Programvarebibliotek er ei samling funksjonar, objekt, konstantar, makroar og så vidare. Føremonen med å plassera kode i eit bibliotek et fleire:

  •  fleire program kan nytta same kode
  • berre ein kopi av koden i biblioteket vert lasta inn i RAM-minne. noko som sparar plass
  • om det vert oppdaga feil i koden er det nok å retta feile ein plass
  • oppdatering skjer ved å lasta ned siste versjon av dei ulike biblioteka

Kompliserte program som operativsystem, nettlesarar, teksthandsamarar og så vidare nyttar kode frå mange forskjellige programvarebibliotek. Biblioteka vert pakka på forskjellig vis avhengig av operativsystemet. Det er viktig å nytta rett versjon av dei ulike biblioteket. Om ein nyttar feil versjon kan programmet krasja.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne