Prosent, representert ved teiknet %, tyder hundredel eller per hundre. Éin prosent er altså éin hundredel av ei viss mengd. Til dømes vil éin prosent av 100 vere 1, éin prosent av 1000 vere 10, osb.
Sjølv om prosent som regel blir skriven i intervallet null til hundre, er det òg mogleg med negative prosent ( −10 % av 42 er −4,2 ) og prosent større enn hundre ( 200 % av 42 er 84 ).
Merk at ein differanse mellom to prosentverdiar har nemning prosentpoeng. Dette medfører blant anna at standardavviket til verdiar målt i prosent skal ha prosentpoeng som nemning.